Redgrave-Pinsent Rowing Lake er ein innsjø og roarena i Storbritannia, kalla opp etter dei olympiske meistrane i roing, Sir Steve Redgrave og Sir Matthew Pinsent. Innsjøen og naustet er utforma særskild med tanke på ro-trening og har fasilitetar for trening, medisin og vitskap for det det britiske rolandslaget.

Innsjøen ligg sør i Oxfordshire i soknet Eye & Dunsden mellom Reading og landsbyen Sonning Eye. Innsjøen vart danna av oppmudring av delar av Caversham Lakes, ei rekkje innsjøar ved Themsen. Budsjettet var på £13 millionar og innsjøen vart offisielt opna i april 2006 av dei to roarane innsjøen er kalla opp etter.Rowing gets a boost as the £13m Redgrave Pinsent Rowing Lake officially opens , Sport England, 29. april 2006.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Redgrave Pinsent Rowing Lake» frå , den 28. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Land & Water: Redgrave Pinsent Rowing Lake Besøk av Steve Redgrave Informasjon frå Amateur Rowing Association

Kategori:Innsjøar i England Kategori:Skipingar i 2006 Kategori:Geografi i Oxfordshire Kategori:Idrettsanlegg i England