Bomere Pool er ein innsjø mellom landsbyane Bayston Hill og Condover i Shropshire i England, 7,5 km sør for byen Shrewsbury.
Innsjøområdet var ein gong open for alle, men er no privateigd og senter for vassport året rundt.
Historie Geologi Det meste av Shropshire var dekt av is under den siste istida, om lag 18 000 år sidan. Då isen trekte seg attende la han att store isblokker, ofte omringa og dekte med morener, grus og leire. Då isen til slutt smelta, kollapsa sedimenta i hol eller senkingar kalla jettegryter. Desse hola hadde ikkje drenering og vart anten til innsjøar med bratte sider, vanlegvis kalla mere i Shropshire, eller fullstendig fylt med leire og torv og vart ei mosemyr. Bomere Pool er eit særleg godt døme på ein mere.
Eldre historie Bomere Pool har vorte nytta av menneske i tusenvis av år. Det er gjort arkeologiske funn rundt innsjøen som tyder på at det var ein busetnad her i jernalderen. To tusen år seinare låg det ein stor romersk militærleir her og ein tilknytt sivil busetnad.Bomere Pool History
Nyare historie I 1986 oppdaga ei kvinne på tur beina frå ein ullhåra mammut.
Mellom 1960- og 1980-åra var innsjøen ein populær stad for dei lokale innbyggjarane, som drog hit på varme sommardagar for å bade og ete i dei mange små kaféane som låg her.
I dag I 1989 vart innsjøen, stranda og fasilitetane rundt lukka og kjøpt opp av private. Det vart ein del av Wakeboard & vasski Club som nyttar innsjøen til vassport.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bomere Pool» frå , den 28. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bomere Wakeboard and Water Ski Club Segner frå Bomere Pool Bomere, Site of Special Scientific Interest Bilete av innsjøen
Kategori:Innsjøar i England Kategori:Geografi i Shropshire