Holy Island (walisisk Ynys Gybi) er ei øy på 39 km² på vestsida av Anglesey, nord i Wales. Mellom dei to øyane går eit smal, buktande sund. Øya vert kalla «Holy» på grunn av dei mange ståande steinane, gravkammera og andre religiøse stader på øya. Øya har kring 13 500 innbyggjarar.
venstre|mini|Holy Island i Anglesey i Wales
Historie Irske sjørøvarar invaderte Anglesey etter at romarane trekte seg ut av Britannia. Cunedda starta først krigføring mot irane, men det vart til slutt Cadwallon Lawhir som slo irane på Holy Island.
Natur Det er fleire naturlege habitat på øya, som mudderflater, sanddyner, marskland og strender.Anglesey naturhistorie På vestsida av øya ligg Holyhead Mountain med det høgaste punktet i grevskapet på 220 meter over havet.
Transport Holy Island har to vegsamband til Anglesey. Den eine er ei fylling som ber både veg og jernbanelinje, og den andre er over ei vegbru.
Den største byen på øya er hamnebyen Holyhead, og frå her går det passasjerbåtar til Dún Laoghaire og Dublin i Irland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Holy Island, Anglesey» frå , den 26. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Holy Island
Kategori:Øyar i Anglesey