Janne-Kristin Svarstad Nygård () er ein norsk redaktør og målkvinne frå Jølster i Sogn og Fjordane, busett på Nesodden. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2010. Det var ho til 2012. Tidlegare har ho vore skrivar (2008–2009) og nestleiar (2009–2010) i same organisasjonen.

I april 2012 vart ho vald til nestleiar i Noregs Mållag, og har sete som vanleg styremedlem der sidan 2013. I 2013 vart ho også tildelt Målrosprisen av Jølster Mållag.

Nygård har gått på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Utanom målsak interesserer ho seg for litteratur, teater og musikk, og har ofte figurert som «Månedens poet» i Dagbladet si diktsatsing for ungdom, «Skolekammeret». Ho har studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo, og har ei mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet i Volda. Ho har arbeidd som redaksjonssekretær og redaktør i tidsskriftet Syn og Segn. I 2018 vart ho vald inn i styret i Nynorsk kultursentrum. Ho har i fleire år vore kvissmeister i avisa Dag og Tid. Frå 2011 til 2021 arbeidde ho i forlaget Det Norske Samlaget. Frå 2021 er ho forlagsredaktør i Skald forlag.

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Publikasjonar i Oria.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Janne Nygård i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Leiarar av Norsk Målungdom Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Jølster Kategori:Forfattarar frå Jølster Kategori:Norske sakprosaforfattarar