Glen McLeod Cooper Johnson () er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han spelar i forsvar for Liverpool, og for det engelske landslaget. Han vart seriemeister i England med Chelsea i 2005 og cupmeister med Portsmouth i 2008. I 2008/09-sesongen vart han kåra til årets spelar i Portsmouth.
Landslagsspel Johnson representerte England i 54 landskampar frå november 2003 til VM i fotball 2014. Han fekk plass i troppane til verdsmeisterskapane 2010 og 2014, samt europameisterskapen 2012. Både unde VM 2010 og EM 2012 spelte han alle Englands fire kampar. I fotball-VM 2014 fekk han sine siste to kampar i engelsk drakt. Johnson skåra sitt einaste landslagsmål i ein vennskapskamp mot Mexico på Wembley stadion i mai 2010.
Bakgrunnsstoff
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Millwall-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014