Pakistan, offisielt Den islamske republikken Pakistan, er eit land i Sør-Asia med grense til Iran, Afghanistan, India og Kina og kyst til Arabiahavet i sør. Landet har 225 millionar innbyggjarar, og er det sjette folkerikaste i verda. Det er det andre største muslimske, etter Indonesia, og også det andre største sjiamuslimske etter Iran.
Pakistan blei danna som ein stat for muslimane i Britisk India i 1947. Landet var sett saman av to ikkje-samanhengande delar, og den austlege reiv seg laus i 1971 og blei til Bangladesh. Pakistansk historie har vore prega av politisk uro, militært styre og både indre og ytre konfliktar.
Landet dekker store delar av området der Indussivilisasjonen utvikla seg i oldtida. Det blei seinare påverka av vediske, persiske, greske og turko-mongolske og britiske innflyttarar og erobrarar, og har utvikla sine eigne hinduiske, buddhistiske, muslimske og sikhistiske tradisjonar.
Nord i Pakistan ligg nokre av verdas høgaste fjell, som K2 og Tirich Mir. Indus er ei viktig elv som renn gjennom store delar av landet. I sør finn ein tørre område som Balutsjistan og ørkenen Thar.
Namn Namnet Pakistan blei danna av Chaudhri Rahmat Ali i 1933 som eit persisk ord med tydinga 'landet åt dei skire' (det vil seia rettruande muslimar), samstundes som det kombinerte bokstavar frå namna på områda muslimane i Britisk India gjorde krav på: Punjab, Afghania, Kashmir, Sindh og Balutsjistan. mini|venstre|Kart over Pakistan
Geografi
Topografi 8 av verdas 20 høgaste fjell ligg Pakistan. I nordlege Pakistan finn ein fjellkjeda Hindukush med Tirich Mir (7690 moh.), og nordaust i pakistansk Kashmir ligg Karakoramfjella, ein utløpar frå Himalaya, med det høgaste fjellet i landet, K2 (8616 moh.).
Storelva Indus renn inn i landet frå indisk Kashmir, først mot nordvest, deretter mot sørvest og sørover. Saman med bielver som Jhelum, Chenab, Ravi og Sutlej dannar elva Indussletta, ein del av Det nordindiske låglandet. I sør munnar elva ut med eit delta i Arabiahavet.
I søraust, mot grensa til India, ligg Tharørkenen. I sørvest ligg høglandet Balutsjistan, gjennomskore av fjellkjeder og tørre bekkar. Langs grensa til Afghanistan ligg ville fjellstrøk med tronge fjellpass, som Khyberpasset, som einaste farbare veg.
Klima mini|Kvinner ved ei vasskjelde i eit elles tørt landskap i Sindh.
Tharørkenen dekkar dei austlege områda av Pakistan, og er eit svært tørt og varmt område. Mai er den varmaste månaden og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen varierer frå 35 °C i Karachi ved kysten til 42 °C i Hyderabad. Jacobabad har målt heile 52 °C, som er det varmaste som er målt i Asia. Karachi har ein normal årsnedbør på 198 mm. Dei sentrale områda får dermed merke monsunen i større grad, og i Islamabad er den årlege nedbørsnormalen 961 mm.
Låglanda lengst nord i Pakistan kan få frost og ein god del tåke om vinteren, og som i Kashmir like ved kjem det nedbør både om vinteren og sommaren. Dei høge fjella i Kashmir og dei andre nordvestlege områda får monsunen seint på året, og det kjem ofte snø om vinteren. Peshawar, som ligg i nordvest, har ein årleg nedbørsnormal på 344 mm.
mini|Hunzadalen i Pakistan.
Plante- og dyreliv
Medan fjellsidene i nord er dekte av alpin og subalpin skog, er plantelivet elles i Pakistan prega av gras og buskvekstar, med få og spreidde tre. I vest veks plantar tilpassa eit tørt klima, medan ørkenområda har svært få plantar. Ved kysten i sør veks mangroveskog.
Når det gjeld dyr ligg Pakistan på grensa mellom den orientalske og den palearktiske regionen. Landet har over 150 pattedyr-, over 174 krypdyr-, over 730 fugle- og 16 amfibieartar, med hovdyr som villgeiter og nilgau, rovdyr som snøleopard og brunbjørn, gnagarar som hamster og ørkenrotte, marine dyr som indusdelfin og havskjelpadde, fleire rovfuglar og gribbar. Skruegeit (markor) er nasjonaldyret og berghøne er nasjonalfuglen.
Demografi Folkesetnad mini|Folketettleik i Pakistan.
Det estimerte folketalet i Pakistan var over 180,8 millionar i 2009, noko som gjorde det til verdas sjette folkerikaste land. Landet har også ein kraftig årleg folketalsvekst (2,6 % i perioden 1993–2003), og er forventa å få 220 millionar innbyggjarar i 2020. Dei siste åra har både talet på fødslar og dødelegheit byrja synka. Forventa levealder ved fødsel var 63 for kvinner og 62 for menn i 2006.
I 2005 var folketettleiken 204 per km², med store variasjonar mellom ulike område. Dei fleste innbyggjarane sør i Pakistan bur langs Indus, særleg i storbyen Karachi ved munningen. I nord bur dei fleste i bogen danna av byane Lahore, Faisalabad, Rawalpindi, Islamabad, Gujranwala, Sialkot, Gujrat, Jhelum, Sargodha og Sheikhupura. Landet har lenge vore det mest urbaniserte i Sør-Asia, og 36 % av pakistanarar bur i byar.
mini|Kart som viser utbreiinga av språk i Pakistan.
Dei mange historiske invasjonane og folkevandringa ved opprettinga har gjeve Pakistan eit samansett innbyggjarbilde. Over halvparten av pakistanarar er panjabiarar, dei fleste lever av landbruk i Panjab. Andre hovudgrupper er sinditalande i sør, urdutalande, fleire av dei av indisk opphav, ofte busette i byar og med i den politiske eliten, og pasjtunarar som i stor grad er organiserte i stammar og held til i stammeområda nordvest i landet og sørvest i Balutsjistan. Her finn ein også balutsjarar og brahuifolk. Fleire afghanske flyktningar bur også i landet, dei fleste i Khyber Pakhtunkhwa.
Språk Urdu er offisielt språk i Pakistan. Rundt 90 % av innbyggjarane forstår språket, men berre rundt 12 millionar har det som morsmål. Panjabi er det største språket i landet med rundt 80 millionar brukarar, følgd av sindhi med 18,5 millionar. Landet har fleire indoariske språk, dardspråk og iranske språk, og eitt dravidisk språk, brahui.
Religion Fleirtalet, om lag 95 %, av innbyggjarane er muslimar. 75 % av desse høyrer til sunni- og 20 % sjiaislam. Ahmadiyya, som sjølv kallar seg muslimar, blir ikkje offisielt rekna som muslimske. Dei største religiøse minoritetane er hinduar og kristne.
Historie mini|Mohenjo-Daro i Sindh. Tidlege menneske, Homo erectus, slo seg ned i Panjab for rundt 2 millionar år sidan. Steinalderbyen Mehrgarh i Balutsjistan er ein tidleg funnstad for jordbruk. Det er funne spor etter tidlege bronsealderkulturar fleire stader i landet, mellom anna Kot Diji nær Mohenjo-Daro, som er ein av dei viktigaste byane i den påfølgjande Indussivilisasjonen. Sivilisasjonen nådde eit høgdepunkt rundt 2300 f.Kr., men forsvann rundt 1800 f.Kr. av ukjende grunnar. Seinare grunnla ariarar ein tidleg hindukultur lenger aust på Gangessletta.
På 500-talet f.Kr. blei store delar av dagens Pakistan annektert av Persarriket og gjort til ein persisk provins. På 300-talet f.Kr. kom ein gresk her leidd av Aleksander den store inn i området og grunnla det indo-greske kongedømet. Det blei deretter erobra av Mauryariket frå aust, og kom under buddhistisk påverknad, særleg i Gandhara.
Hellenistiske baktriske herskarar kom inn frå nordvest på 100-talet f.Kr. Fleire innvandringsbølgjer frå Sentral-Asia følgde. Det indiske Guptariket spreidde seg til Chenab og nedre Indus frå 300- til 500-talet.
mini|Maharajah Duleep Singh, siste herskaren av Punjab, eskortert inn i palasset i Lahore av britiske troppar.
Islam kom først til Sindh på 600-talet. Nedre Indusdalen blei erobra av ein arabisk hær i 711/12, og området fekk nære band til Bagdad under abbasidane. Sjiaislam blei utbreidd i Multan på 800-talet. Sunnimuslimske Mahmud av Ghazni førte aggressive kampanjar mot hinduane i områda han styrte. Då han døydde i 1030 blei Lahore hovudstad og eit muslimsk kultursentrum. Hovudstaden blei flytta til Delhi sist på 1100-talet, og store delar av Pakistan og Nord-India var eitt rike under Khaldji-sultanatet (1290–1320), Tughlak-dynastiet (1320–1413), Sayyid-dynastiet (1414–51), Lodi-dynastiet (1451–1526) og Mogulkeisarane (1526–1857). Det svekka Mogulriket mista stadig meir makt og område til Det britiske austindiakompaniet, og blei etterkvart del av Britisk India.
Opprettinga av moderne Pakistan I samband med krava om sjølvstende for India, gjekk fleire indiske muslimar inn for at dei 100 millionar muslimane som budde der måtte få sin eigen stat. I 1938 blei saka teken opp av Muslim League leidd av Muhammed Ali Jinnah. Då den britiske kolonien fekk sjølvstende i 1947 blei område med muslimsk fleirtal i nordvest og nordaust skilde ut som staten Pakistan. Delinga av India og Pakistan førte til at millionar av menneske måtte kryssa grensa til det landet dei etter religionen sin skulle høyra til. Det oppstod stor uro i dei svært blanda områda Punjab og Bengal, og mange menneske blei drepne, bortførte, valdtekne og rana. Etter flyttinga var framleis nokre hinduar att i Pakistan, og eit stort tal muslimar igjen i India. I 1948 kjempa landet sin første krig mot India over Kashmir, som hadde muslimsk fleirtal, men var blitt innlemma i India av hinduherskaren sin. Landet har seinare gått gjennom fleire konfliktar med India.
Sjølvstendige Pakistan var opphavleg dominion i Det britiske samveldet med Jinnah som generalguvernør. Politisk var landet prega av motsetjingar mellom liberale og ortodokse muslimar, mellom regionar i Vest-Pakistan, og mellom Aust- og Vest-Pakistan. Fleirtalet av pakistanarar budde i aust, men makta låg i vest. Det geografiske og kulturelle skiljet mellom landsdelane gjorde også tilhøvet vanskeleg. I 1956 blei Pakistan republikk. Frå 1958 blei landet eit militærdiktatur under Ayub Khan.
Ved det første demokratiske valet til nasjonalforsamling i 1970 vann Awamiforbundet som arbeidde for sjølvstyre i aust og Pakistan People's Party (PPP) i vest. Partia klarte ikkje samarbeida, og i 1971 blei Aust-Pakistan proklamert som den sjølvstendige staten Bangladesh. Pakistanske styrkar gjekk inn i landet, og det braut ut ein blodig borgarkrig som berre enda då India gjekk inn på Bangladesh si side. Zulfikar Ali Bhutto frå PPP blei ny leiar i det gjenverande landet, og innførte omfattande reformer, som nasjonalisering av bankar og industri. Han slo ned eit sjølvstendeopprør i Balutsjistan i 1973.
Ved valet i 1977 blei Bhutto skulda for valfusk, og general Muhammad Zia ul-Haq tok makta. Zia innførte unntakstilstand, islamiserte landet med sjarialover og forfølging av muslimske minoritetsgrupper, og fekk Bhutto avretta. Zia sat med makta til han døydde i ei flyulukke i 1988. Benazir Bhutto, dotter av den avsette presidenten, blei vald til ny leiar same året. Ho blei avsett i 1990 etter skuldingar om korrupsjon og maktmisbruk, og tapte seinare valet. Bhutto og Nawaz Sharif kjempa om makta i fleire år, fram til ei militærgruppe leidd av Pervez Musharraf tok makta i landet i 1999. Musharraf trekte seg i 2008, og Asif Ali Zardari, enkjemannen etter Benazir Bhutto, blei vald til ny president. Pakistan har vore eit konfliktområde under «Krigen mot terror», med den sekulære og USA-vennlege staten på ei side og islam-fundamentalistiske gerilja- og terrorgrupper på den andre.
Politikk mini|Det pakistanske parlamentet. Den pakistanske grunnlova i dag stammar frå 1973 med seinare revisjonar. Ho erklærer Pakistan som ein muslimsk stat leidd av ein president. Presidenten blir indirekte vald for ein femårsperiode av folkevalde frå nasjonalforsamlinga, senatet og provinsforsamlingane. Regjeringa er ansvarleg ovanfor presidenten, som også har endeleg rett til å avgjerda spørsmål om lovgjeving.
Det pakistanske parlamentet blir valt for fire år. Det har 342 sete; ti av dei er reservert for religiøse minoriteter og seksti for kvinner. Senatet har 100 medlemmer som kvar blir vald for seks år, 1/3 av setene blir skifta ut annakvart år. 88 medlemmer blir valde i provinsane, 12 blir utnemnde av nasjonalforsamlinga for stammeområda og houvdstadsterritoriet.