Seigo Narazaki () er ein japansk fotballspelar som spelar som keeper for Nagoya Grampus i J-League i Japan, og for det japanske landslaget. Narazaki vart fødd i Kashiba i Kansai-regionen.

Narazaki fekk kontrakt med Yokohama Flügels i 1995, då han var ferdig på vidaregåande skule. Han vart klubben sin førstekeeper den sesongen, og spelte den første kampen sin 16. august 1995, mot Bellmare Hiratsuka. Han var med å vinna den japanske cupen med Flügels i 1998. Då Flügels vart slått saman med den andre Yokohama-klubben Yokohama Marinos i 1999, gjekk Narazaki over til Nagoya Grampus Eight. Med dei vann han den japanske cupen igjen i 1999.

Narazaki debuterte for det japanske landslaget i ein kamp mot Australia 15. februar 1998. Han var med i troppen til fotball-VM i både 1998, 2002 og 2006. I 2002 spelte han alle Japan sine kampar, men i 1998 og 2006 var han reserve for Yoshikatsu Kawaguchi.

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 12. mars 2010.

Bakgrunnsstoff

Narazaki, Seigo