Siri Bjerke () var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant på Stortinget og sat som miljøvernminister, og deretter hatt leiande stillingar i Næringslivets Hovedorganisasjon og Innovasjon Norge.

Bjerke vart fødd i Oslo. Ho tok grunnfag i psykologi frå Universitetet i Oslo.

Siri Bjerke var varerepresentant på Stortinget for Oslo i periodane 1997-2001 og 2001-2005. Ho var statssekretær i Utanriksdepartementet i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og Thorbjørn Jagland si regjering.

Frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 var Bjerke statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Jens Stoltenberg si første regjering.

I perioden 2002-2005 var Bjerke direktør for næringspolitikk i Næringslivets Hovedorganisasjon. Frå 2005 arbeidde ho som divisjonsdirektør i Innovasjon Norge.

Bjerke døydde i 2012 etter lang tids kreftsjukdom.Aftenposten, 12.02.12: Siri Bjerke er død

Kjelder Stortinget - Biografi

Fotnotar

Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Jagland Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk tilknytte Næringslivets Hovedorganisasjon Kategori:Politikarar frå Oslo