Hans Petter Lundgaard () var ein norsk jurist, mest kjend som Forbrukarombod.

Hans Petter Lundgaard var fødd i Oslo. Etter juridikum var han først tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Oslo frå 1963. I 1971 tok han over som leiar for Forsikringsklagekontoret. I 1973 vart Forbrukarombodet oppretta. Inger Louise Valle vart tilsett som det første Forbrukarombodet. Medan ho var statsråd i regjeringa Nordli frå 1976 til 1980, og deretter stortingsrepresentant til 1981, var Lundgaard fungerande Forbrukarombod. Valle sa frå seg stillinga i 1981, og Lundgaard fekk deretter den ledige stillinga på permanent basis. I 1986 vart han utnemnd til lagdommar i Eidsivating lagmannsrett, som seinare skifta namn til Borgarting lagmannsrett. Han gjekk av for aldersgrensa i 2005.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans Petter Lundgaard» frå , den 7. mars 2010.

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske dommarar Kategori:Norske forbrukarombod Kategori:Folk frå Oslo