Lewis og Harris (engelsk Lewis and HarrisÒg variantar som Lewis with Harris, Harris and Lewis osv. finst, skotsk-gælisk Leòdhas agus na Hearadh, norrønt Ljóðhús ok Hérað) er den største øya i Skottland og den tredje største øya i Dei britiske øyane etter Storbritannia og Irland. Ho har eit areal på 2 179 km². Øya ligg nordvest i øygruppa Hebridane på vestkysten av Skottland.
mini|venstre|Satellittbilete av Lewis og Harris Den nordlege delen av øya heiter Lewis og den sørlege Harris. Dei to delane vert vanlegvis omtalt som to forskjellige øyar (Isle of Lewis og Isle of Harris), sjølv om dei i røynda heng i saman og er to delar av same øy. Heile øya har ikkje noko felles namn, verken på engelsk eller gælisk. The Long Island har vorte nytta,Encyclopedia Britannica (1911) Lewis-with-Harris. (skotsk gælisk: an t-Eilean Fada), men dette er eit namn som normalt vert nytta om heile øyrekka i Ytre Hebridane.Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann. s. 2 Heile øya vert òg nokre gonger berre kalla Isle of Lewis.
Grensa mellom Lewis og Harris går frå fjorden Loch Resort på vestsida til fjorden Loch Seaforth på austsida. Skiljet går altså ikkje der øya er smalest, ved Tarbert på Harris. Harris består for ein stor del av fjellandsskap, medan Lewis har eit flatere landskap. Det høgaste punktet på øya er Clisham som er 799 meter over havet.
Administrativt høyrer øya til Ytre Hebridane (skotsk gælisk Na h-Eileanan Siar, engelsk Western Isles/Outer Hebrides). Tidlegare var Harris ein del av Inverness-shire, medan Lewis var ein del av Ross and Cromarty.
Lewis og Harris vert òg nytta som fellesnamn på alle øyane nord i dei ytre Hebridane. Til denne øygruppa høyrer då utaom Lewis og Harris dei busette øyane Great Bernera (gælisk Beàrnaraigh Ùig) og Scalpay (gælisk Sgalpaigh), og dei no folketomme øyane Taransay (gælisk Tarasaigh) og Scarp (gælisk An Sgarp).
Bakgrunnsstoff Google-kart
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lewis og Harris» frå , den 27. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Lewis Kategori:Harris Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland