mini|Båthamna i Stangvik mini|Fjorden ved Stangvik Stangvik (lokal uttale «stångvikja») er ei grend ved Stangvikfjorden i Surnadal kommune på Nordmøre og ein tidlegare kommune.
Grenda Det er eit særprega bygdesentrum i Stangvik, og mange hytter dannar grunnlag for eit populært utfartsområde. Den årlege Stangvikfestivalen har vekt på klassisk musikk.
Tidlegare Stangvik kommune Stangvik er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta med formannskapslovene av 1837 som Stangvik formannskapsdistrikt. Folketeljinga i 1865 hadde 2.619 innbyggjarar i kommunen.(Tidlegare folketeljingar har felles folketal for Stangvik og Halsa kommune.) Stangvik var eit sentralt kommunesentrum så lenge sjøen var den viktigaste ferdselsåra.
Kommunegrensene blei endra fleire gongar i siste del av 1800-talet:Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1. januar 1874 blei ein del av Stangvik med 61 innbyggjarar overført til Tingvoll. 1. januar 1877 blei ein del med 50 innbyggjarar overført til Surnadal. 1. januar 1879 blei ein del av Halsa med 260 innbyggjarar og ein del av Surnadal med 83 innbyggjarar ført over til Stangvik. 1. januar 1886 blei garden Møklegjerdet med 29 innbyggjarar overført frå Stangvik til Surnadal. 1. mai 1895 blei Åsskard skild ut frå Stangvik som eigen kommune. Stangvik hadde 2.354 innbyggjarar etter delinga. 1. januar 1897 blei garden Sjøflot i Stangvik med 27 innbyggjarar overført til Surnadal kommune.
1. januar 1965 blei Stangvik delt og slått saman med andre kommunar. Hovuddelen av kommunen med 1.386 innbyggjarar blei slått saman med Åsskard og Surnadal til den nye Surnadal kommune. Ålvundfjord krins som hadde 508 innbyggjarar, blei slått saman med Sunndal kommune. Åsprong-Sandnes krins med 26 innbyggjarar blei slått saman med Tingvoll kommune.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Stangvik kommune frå 1895 til 1965: 1.5.1895 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Stangvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1965 2354a 2173 2180 2303 2252 2068 1920 aDette talet omfattar garden Sjøflot, som vart overført til Surnadal kommune i 1897. Dette området hadde då 27 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stangvik» frå , den 25. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Stangvik Grendalag
Kategori:Geografi i Surnadal Kategori:Historie i Surnadal Kategori:Bygder i Møre og Romsdal Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1965