Mandinka eller mandingo er eit mandespråk som blir tala av mandinkafolk i store delar av Vest-Afrika. Mandinka er fyrstespråket til litt over 1,3 millionar menneske – om lag 670 000 i Senegal, 510 000 i Gambia og 167 000 i Guinea-Bissau.Artikkel om mandinka i Ethnologue. Det er eitt av hovudspråka i Gambia. Språket høyrer til manding-greina av mandespråka, og liknar ganske mykje på bambara og maninka (malinke).
Ortografi Mandinka kan skrivast med latinsk, arabisk skrift eller N'Ko. Latinsk er offisiell skrift, men arabisk er meir utbredt. I tillegg brukes N'Ko-alfabetet fra 1949 en del.
Med latinsk skrift representerer c lyden , ŋ , og ñ . Bokstavane v, x, z, og q vert ikkje brukt. Vokalar er som i spansk, og blir dobla for å visa lengde eller skilja ord som elles er homofone.
Det arabiske skriftsystemet bruker ingen ekstra teikn (bortsett frå eit ekstra vokalmerke for «e» i sjeldne tilfelle), men nokre av bokstavane har ulik uttale i høva til arabisk.
Tilhøvet mellom latinske og arabiske konsonanter er som følgjer:
ArabiskاعبتطضجهحخدرسشصثظڢلمنويكلاLatinsk('), aa, ee(', med madda ŋ)b, ptttc, jhhdrss (sh)sssflmn, ñ, ŋwyk, gla
Bokstavane i kursiv er ikkje i vanleg bruk i mandinka. ه (h) kan også brukast for å indikera ein avsluttande glottal plosiv, som ikkje blir notert med den latinske skrifta. Bokstaven ŋ i den latinske skrifta er ofte indikert med vokalteikn i arabisk skrift.
Vokalane samsvarer som følgjer:
Arabiskـَـِـُـْـִـًـٍـٌـَاـِيـُو Latinska, ei, e, ee o, u (ingen påfølgjande vokal) e aŋ, eŋ iŋ, eeŋ, eŋ oŋ, uŋ aa ii oo, uu Mandinka-navn på arabiske merke: sira tilidiŋo; sira tilidiŋo duuma; ŋoo biriŋo; sira murumuruliŋo; tambi baa duuma; sira tilindiŋo fula; sira tilindiŋo duuma fula; ŋoo biriŋo fula.
I tillegg kan ein liten arabisk 2 (۲) brukast for å visa reduplikasjon, og hamzaen kan brukes som i arabisk for å visa glottale plosivar meir presist.
Bakgrunnsstoff Språkressurser for Wolof og Mandinka
Kjelder
R. T. Addis, A Study on the Writing of Mandinka in Arabic script, 1963. Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.
Delar av denne artikkelen bygger på «Mandinka» frå , den 14. oktober 2013.
Kategori:Språk i Senegal Kategori:Språk i Gambia Kategori:Språk i Guinea-Bissau Kategori:Språk i Afrika Kategori:Mandespråk Kategori:Einskildspråk