Heinrich Wilhelm Matthias Olbers () var ein tysk lege og astronom. Han vart fødd og døydde i Arbergen i Bremen.

Olbers dreiv legepraksis i Bremen frå 1782, men brukte mesteparten av tida si til astronomi. Han bygde eitt av dei best utrusta observatoria på si tid, og utarbeidde ein ny metode for baneutrekning av himmellekamar. Han oppdaga seks kometar og to asteroidar. Den første såg han 28. mars 1802, og gav han namnet Pallas. Den andre oppdaga han den 29. mars 1807, og gav Carl Friedrich Gauss æra av å namngje denne - Vesta.

6. mars 1815 oppdaga Olbers så ein periodisk komet som har fått namn etter han. Det formelle namnet til denne er 13P/Olbers.

Oppkallingar 13P/Olbers er ein periodisk komet. Asteroiden 1002 Olbersia. Krateret Olbers på månen. Olbers, eit mørkt område på overflata av Vesta med ein diameter på 200 km.

Kategori:Tyske astronomar Kategori:Tyske legar Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Asteroideoppdagarar Kategori:Kometoppdagarar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Bremen