mini|portrett=2|Innskrifta på Einangsteinen mini|Einangsteinen i Vestre Slidre Einangsteinen er ein runestein frå 300-talet rista med den eldre futharken øvst i Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Oppland fylke. Einangsteinen og Barmensteinen frå Selje i Nordfjord er dei eldste, norske runesteinane frå folkevandringstida som framleis står der dei vart reiste.
Steinen har fått namn etter den nærliggande garden Einang. Garbergfeltet er eit gravfelt frå jarnalderen, der det òg er funne ei stor mengd kulturminne frå seinare tidsaldrar.
Den allment aksepterte tolkinga av innskrifta vart lagt fram av Erik Moltke i 1938. Han gjekk ut frå at det mangla fire runeteikn før det første teiknet som i dag er igjen av innskrifta. Han las då teksten på steinen slik: [Ek go]ðagastiR runo faihido
Som kan tolkast som: Eg, Gudgjest, rista runeneEinangsteinen på Valdresmusea sine nettsider.
Sjå også Runesteinar i Noreg
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Om Einangsteinen frå Valdresmusea sine nettsider.
Denne geita har en viktig sommerjobb (4. juli 2020) NRK
Kategori:Runesteinar i Noreg Kategori:Kulturminne i Vestre Slidre