Muck (skotsk gælisk Eilean nam Muc) er ei øy i Hebridane på vestkysten av Skottland. Muck er den minste av dei fire større øyane i øygruppa Small Isles, med eit areal på 5,59 km². Øya ligg sørvest for Eigg, nordvest for halvøya Ardnamurchan og nordaust for Coll. Det høgaste punktet på øya er Beinn Airein sørvest på øya, 137 meter over havet.
Ved folketeljinga i 2001 var det registrert 30 fastbuande på øya. Dei aller fleste av desse budde i landsbyen Port Mòr søraust på øya. Det er òg ein busett gard ved Gallanach nord på øya. Muck har dagleg ferjesamband til Mallaig på fastlandet og dei andre busette øyane i Small Isles: Eigg, Rùm og Canna/Sanday. I sommarsesongen er det òg båtsamband til Arisaig på fastlandet.
Muck er kjent for den store bestanden av sel. I farvatna rundt Muck er det mange niser.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Muck (Skottland)» frå , den 18. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Isle of Muck http://www.islemuck.com/history.htm Historia til Isle of Muck
Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Geografi i Highland