Den olympiske eiden er eit sentralt olympisk symbol og eit fast rituale ved opningsseremonien ved alle olympiske leikar. Ein utvald utøvar avlegg eiden på vegner av alle idrettsutøvarane, medan ein ein utvald dommar avlegg eiden på vegner av alle funksjonærar og dommarar. Det har vore praksis at ein utøvar og dommar frå arrangørlandet avlegg eiden.
Det olympiske idealet om god sportsånd står sentralt i den olympiske eiden.
Utøvareiden Utøvareiden vert avlagd av ein utøvar frå arrangørlandet, mens han held i eit hjørne av det olympiske flagget. Eiden har ved dei siste leikane oftast vore avlagd på engelsk, men under sommar-OL 2004 i Aten vart han avlagd på gresk.
In the name of all the competitors I promise that we shall take part in these Olympic Games, respecting and abiding by the rules which govern them, committing ourselves to a sport without doping and without drugs, in the true spirit of sportsmanship, for the glory of sport and the honour of our teams.
- På vegner av alle deltakarane lover eg at vi vil delta i desse olympiske leikane, respektere og lyde reglane som gjeld, forplikte oss til idrett utan doping og dopingmiddel, i sann sportsånd til ære for idretten og til heider for laget vårt.
Dommareiden Dommereiden blir halden av ein dommar frå arrangørlandet, mens han held i eit hjørne av det olympiske flagget. Den første dommareiden vart avlagd under vinter-OL 1972 i Sapporo.
In the name of all the judges and officials, I promise that we shall officiate in these Olympic Games with complete impartiality, respecting and abiding by the rules which govern them in the true spirit of sportsmanship.
- På vegner av alle dommarar og funksjonærar lover eg at vi vil leie desse olympiske leikane fullstendig upartisk, respektere og lyde reglane som gjeld i sann sportsånd.
Historie Ordlyden i den olympiske eiden blir vanlegvis tillagt David O'Connor, andre meiner han er skriven av Ethelbert Talbot. Norges Olympiske Museum skriv derimot på si nettside at Pierre de Coubertin både formulerte og innførte eiden i sommar-OL 1920 i Antverpen.
Den allsidige belgiske utøvaren, Victor Boin (1886-1974), med medaljar frå både 1908, og 1912 i vasspolo avla den første eiden.
Heidi Schüller, ein tysk friidrettsutøvar, var den første kvinna som avla utøvareiden. Det gjorde ho under opninga av sommar-OL 1972 i München. Sharon Weber vart den første kvinnelege dommaren til å avleggje eiden, under sommar-OL 1984 i Los Angeles.
Utøvareiden har endra ordlyd nokre gonger gjennom tidene. Den eiden Victor Boin las i 1920 var slik:
- Vi sver. Vi vil delta i dei olympiske leikane med verdig ånd, til ære for våre land og til heider for sporten.
Seinare vart ordet swear (sver) erstatta med ordet promise (lover) og country (land) med team (lag). Til eiden avlagd under sommar-OL 2000 vart det lagt til ein bolk om doping.
Eidsavleggarar Lista er ei oversikt over utøvarar og dommarar som har avlagt den olympiske eiden.
Utøvareiden
+ EidsavleggararLeikarUtøvarDommarSommar-OL 1920Victor Boin-Vinter-OL 1924Camille Mandrillon-Sommar-OL 1924Georges André-Vinter-OL 1928Hans Eidenbenz-Sommar-OL 1928Harry Dénis-Vinter-OL 1932Jack Shea-Sommar-OL 1932George Calnan-Vinter-OL 1936Wilhelm Bogner-Sommar-OL 1936Rudolf Ismayr-Vinter-OL 1948Bibi Torriani-Sommar-OL 1948Donald Finlay-Vinter-OL 1952Torbjørn Falkanger-Sommar-OL 1952Heikki Savolainen-Vinter-OL 1956Giuliana Chenal-Minuzzo-Sommar-OL 1956John LandyHenri Saint Cyr-Vinter-OL 1960Carol Heiss-Sommar-OL 1960Adolfo Consolini-Vinter-OL 1964Paul Aste-Sommar-OL 1964Takashi Ono-Vinter-OL 1968Léo Lacroix-Sommar-OL 1968Pablo Garrido-Vinter-OL 1972Keiichi SuzukiFumio AsakiSommar-OL 1972Heidi SchüllerHeinz PollayVinter-OL 1976Werner Delle-KarthWilly KöstingerSommar-OL 1976Pierre St.-JeanMaurice FaugetVinter-OL 1980Eric HeidenTerry McDermottSommar-OL 1980Nikolai AndrianovAlexander MedvedVinter-OL 1984Bojan KrižajDragan PerovicSommar-OL 1984Edwin MosesSharon WeberVinter-OL 1988Pierre HarveySuzanne Morrow-FrancisSommar-OL 1988Heo JaeLee Hak-RaeVinter-OL 1992Surya BonalyPierre BornatSommar-OL 1992Luis Doreste BlancoEugeni AsensioVinter-OL 1994Vegard UlvangKari KaringSommar-OL 1996Teresa EdwardsHobie BillingslyVinter-OL 1998Kenji OgiwaraJunko HiramatsuSommar-OL 2000Rechelle HawkesPeter KerrVinter-OL 2002Jimmy SheaAllen ChurchSommar-OL 2004Zoi DimoskhakiLazaros VoreadisVinter-OL 2006Giorgio RoccaFabio BianchettiSommar-OL 2008Zhang YiningHuang LipingVinter-OL 2010Hayley WickenheiserMichel Verrault
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den olympiske ed» frå , den 16. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Norges olympiske museum om den olympiske eid
Eiden