Operahuset i Oslo er bygget til Den Norske Opera & Ballett og ligg i Bjørvika inst i Oslofjorden. Huset er teikna av arkitektkontoret Snøhetta AS som vann ein arkitektkonkurranse i 2000. Det vart opna 12. april 2008. Bygningen har vunne mange prisar. Det kvite operabygget er blitt eit monumentalbygg i Oslo, og operataket er blitt ein attraksjon i seg sjølv. Operahuset har fått adresse Kirsten Flagstads plass 1 etter den første sjefen til operaen, Kirsten Flagstad.

Operahuset blei freda av Riksantikvaren i 2012.Operaen fredet frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)

Bygg I 1999 vedtok Stortinget at operaen skulle plasserast i Bjørvika. Byggherre vart Statsbygg, arkitekt var Snøhetta AS og entreprisane vart blant anna tildelt Vegdekke. Kostnadsramma var på 3,9 milliardar kroner. Harald V stod for opning av operaen 12. april 2008.

mini|Panorama frå Operahuset. . Salane Det er tre publikumssalar. Alle stolane i Hovedsalen og på Scene 2 har eit eige system for teksting av librettoen, slik at ein kan velje kva for språk ein vil ha teksten på.

Hovudsalen har 1 358 sitteplassar. Med tanke på akustikken er den bygd med form som ein tradisjonell hestesko. Det er tre balkongar som i front er kledd i eik. Også fronten på balkongane er utforma for å gi god akustikk i salen.

Bilete Frå oppføringa av bygget

Sjølve bygget

Frå inngangen og foajeen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Operahus Kategori:Freda bygg i Oslo Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Den Norske Opera & Ballett