Børsa er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag oppretta som Børsa formannskapsdistrikt i 1837, i dag ein del av Skaun kommune. 1. januar 1890 blei kommunen delt i to då Skaun (Børseskognen) blei skilt ut som eigen kommune. Børsa hadde 2.300 innbyggjarar etter frådelinga. 1. januar 1905 blei Børsa igjen delt, då Geitastrand blei skilt ut som eigen kommune. Børsa hadde 1.420 innbyggjarar etter denne delinga. 1. januar 1965 blei Børsa slått saman med Buvik og Skaun kommunar til den nye Skaun kommune. Børsa hadde på dette tidspunktet 1.476 innbyggjarar.
Kategori:Tidlegare kommunar i Sør-Trøndelag Kategori:Skaun kommune