Zambezi (òg skrive Zambesi) er den fjerde lengste elva i Afrika og den største elva som munnar ut i Indiahavet frå Afrika. Ho har eit nedslagsfelt på 1,39 millionar kvadratkilometer, og er om lag halvparten så lang som Nilen, kring 3540 km lang. Ho spring ut i Zambia og renn gjennom Angola, langs grensa mellom Namibia, Botswana, Zambia igjen og Zimbabwe, til Mosambik, der ho munnar ut i Indiahavet.
Det mest spektakulære området av Zambezi er Victoriafalla. Andre kjende fall eller fossar er Chavumafalla ved grensa mellom Zambia og Angola og Ngonyefalla, nær Sioma i Vest-Zambia.
Det er to vasskraftverk og demningar i elva. Desse er Kariba-dammen, forsyner Zambia og Zimbabwe med elektrisitet, og Cahora Bassa i Mosambik, som gjer elektrisitet til Mosambik og Sør-Afrika. Det finst òg eit mindre vasskraftverk ved Victoriafalla.
Bakgrunnsstoff Informasjon og kart over nedslagsfeltet Zambezi River Authority The Zambezi Society
Kategori:Elvar i Angola Kategori:Elvar i Mosambik Kategori:Elvar i Zambia Kategori:Elvar i Zimbabwe Kategori:Elvar i Namibia