Colonsay (skotsk-gælisk Colbhasa, norrønt Colonsey) er ei øy i Skottland og Indre Hebridane, nord for Islay og sør for Mull. Ho har eit areal på 40,74 km². Macfie-klanen og Colonsay-greina av MacNeil-klanen heldt begge til her. Øya er 13 km lang og 5 km på det breiaste.

Øya har kring 110 innbyggjarar. Den største busetnaden er Scalasaig på austsida, og frå her går det ferje til Oban. Mellom april og oktober går det òg båt tilKennacraig via Port Askaig på Islay.

Øya er kjend for Colonsay House, Riasg Buidhe-krossen frå 1700-talet, villgeitene og dei mange fuglane som, krykkje, skarv, lomvi, åkerrikse og kongeørn. Øya heng fast med Oronsay via ein banke (kalla The Strand), som berre er synleg ved lågvatn. Colonsay har fleire vakre sandstrender og turisme er ein veksande økonomisk sektor på øya med mange feriehytter og eit hotell. I 2006 vart den tidlegare graskledde rullebanen oppgradert med hard overflate. Øya har no flysamband til Oban to gonger i veka.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Colonsay» frå , den 12. februar 2010.

Bakgrunnsstoff Colonsay Brewery Nettsida til øya Colonsay House og hagar

Kategori:Øyar i Indre Hebridane Kategori:Geografi i Argyll and Bute Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland