Waimakariri District er eit distrikt på austkysten til Sørøya på New Zealand, nord i regionen Canterbury. Det ligg nord for Christchurch og elva Waimakariri River og er ein del av regionen Canterbury. Maorinamnet tyder «kald elv».
Distriktet vart oppretta i 1989 og har ei flatevidde på 2 218,72 km². Det strekkjer seg frå Pegasus Bay i aust til Puketeraki Range i vest. I nord grensar det til Hurunui District. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 42 834, ein auke på 16,08% frå 2001 og 32,42% frå 1996. Dei viktigaste byane er Kaiapoi og Rangiora, i tillegg Woodend og Oxford. Andre mindre busetnadar i Waimakariri District er Swannanoa, Cust, Ohoka, Waikuku, Sefton og Loburn. Ein ny busetnad, Pegasus, er under utvikling.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waimakariri District» frå , den 7. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Heimeside til Waimakariri District Council Turistinformasjon for Waimakariri
Kategori:Canterbury på New Zealand Kategori:Distrikt på New Zealand