Lundy er den største øya i Bristolkanalen, 19 km utanfor kysten av Devon i England, om lag ein tredjedel over kanalen mellom England og Wales. Ho er 5 km lang og 1 km brei. Lundy har gjeve namn til eit havvarslingsområde i Storbritannia og høyrer til England.
I 2007 var det 28 fastbuande på øya. Mellom desse finn ein oppsynsmann, ein øybestyrar, bønder og personale på ein pub. Dei fleste bur i og rundt landsbyen Marisco sør på øya. Dei fleste vitjande kjem her på dagsturar.
I ei lesarundersøking i Radio Times i 2005 vart Lundy kåra til det 10. største naturlege underverket i Storbritannia. Heile øya har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) og var det første marine naturreservatet i England, og den første marine vernesona.Natural England,News release, 12. januar 2009 Dette kjem av det unike dyre- og plantelivet på øya. Øya vert styrt av Landmark Trust på vegner av National Trust.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lundy» frå , den 25. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Lundy Field Society Lundy Birds Webkamera
Kategori:Naturreservat i England Kategori:Geografi i Devon Kategori:Øyar i England Kategori:Site of Special Scientific Interest i England Kategori:National Trust-eigedommar