Sørreisa, også kalla Straumen (nordsamisk ), er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sørreisa kommune i Troms fylke.
Tettstaden har og ligg mellom Reisfjorden og Reisvatnet. Sørreisa har tre daglegvarebutikkar og post i butikk, hotell, bibliotek, kulturhus, kino, idrettshall og symjehall. Sørreisa sentralskole er lokalisert her, med dei fem siste klassetrinna i grunnskolen.
Sørreisa er møtepunkt for fylkesvegane 86 og 84. I tettstaden står Straumen kapell, ei langkyrkje i tegl og tre frå 1973. Om lag 5 kilometer sørvest for tettstaden ligg bygda Skøelv.
Kjelder
Kategori:Sørreisa kommune Kategori:Tettstader i Troms Kategori:Kommunesenter i Troms