Michael Christian von TetzschnerPortrettintervju i Dagens Næringsliv 1995-11-04. I Advokatbladet 2006-02-02 uttalar han at han heiter Michael von Tetzschner, men at han berre nyttar «von» på offisielle papir. () er ein norsk advokat og politikar (H). Han sat i Oslo bystyre frå 1975 til 1999. Tetzschner vart medlem av byrådet i 1986, og var byrådsleiar i Oslo frå 1989 til 1991. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2009.

I 1995 trekte Tetzschner seg frå aktiv politisk deltaking, etter at han og Oslo Høgre hadde avvist byrådssamarbeid med Framstegspartiet. Etter mange års fråvær annonserte han i januar 2006 at han atter ville engasjere seg i politikken, og vart vald til leiar av Oslo Høgre 21. januar 2006, som etterfølgjar for Heidi Larssen. Gustav Heiberg Simonsen var motkandidat. I februar 2009 vann Tetzschner ei kampvotering mot Inge Lønning om tredjeplassen på Oslo Høgre si liste ved stortingsvalet i 2009. Plassen vart sett på som sikker, og ved stortingsvalet fekk også fjerdekandidat Nikolai E. Astrup stortingsplass.

Han er gift med Kristin Clemet, og dei har to barn. I tillegg har han to eldre søner med Berit Tetzschner. Som åtteåring vart han foreldrelaus og flytta frå København til besteforeldra på Smestad i Oslo.Dagens Næringsliv og VG 1995-11-04. Tetzschner er onkel til Opera-grunnleggjar Jon Stephenson von Tetzchner (merk manglande s i etternamnet).

Stortingskomitear 2009–2013 medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Byrådar i Oslo Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske bedriftsleiarar Kategori:Nordmenn av dansk opphav Kategori:Folk frå København Kategori:Folk frå Oslo