Eit fylkeslandbruksstyre var eit statleg organ i kvart fylke. Fylkeslandbruksstyret hadde sju medlemmer valde av fylkestinget, tre av dei etter framlegg frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Skogeierforbund og Fellesforbundet. Fylkeslandbruksstyret handsama saker etter jordlova, skogbrukslova, odelslova og konsesjonslova, og det hadde rett til å legge inn motsegn («innsigelse») i saker etter plan- og bygningslova.

Gjennom endring i jordlova 19. juni 2009, vart oppgåvene til fylkeslandbrusstyret overførte til fylkesmennene frå 1. januar 2010.

Bakgrunnsstoff Jordlova: Landbruksmyndigheit i kommune og fylke Rundskriv 15.10.2009

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Nedleggingar i 2009 Kategori:norsk landbruk