Frederick er ein by vest i det sentrale Maryland i USA. Han er hovudbyen i Frederick County, det største fylket i staten ut frå areal. Fredrecik ligg i utkanten av Washington-Arlington-Alexandria storbyområde, som er ein del av det større Baltimore-Washington storbyområdet. Byen har om lag 80 000 innbyggjarar og er den tredje største byen i Maryland etter Baltimore og Rockville.
I Frederick ligg Frederick Municipal Airport (FDK) og Fort Detrick, som høyrer til det amerikanske forsvaret og er den største arbeidsplassen i fylket. Frederick er heimbyen til BP Solar som er eit av dei største solcellepanelmakarane i landet. Lokalavisa i Frederick er The Frederick News-Post.
Byen vart grunnlagd i 1745 og er kalla opp etter Fredrik den store av Preussen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frederick, Maryland» frå , den 3. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Maryland Kategori:Busetnader grunnlagde i 1745