Aguascalientes er delstatshovudstaden og den største byen i delstaten Aguascalientes i Mexico. Byen ligg den sentrale delen av Mexico, i låglandet av Det meksikanske platået. Han hadde eit folketal på i 2012, med i storbyområdet. Byen er mest kjend for tekstilane sine og for San Marcos-festivalen.
Aguascalientes vart grunnlagd av Juan de Montoro 22. oktober 1575 som ein stoppestad for posten mellom Zacatecas og Mexico by. Staden var opphavleg folkesett av nomadiske chichimecafolk. Byen blei grunnlagd under namnet , ‘Landsbyen til vår jomfru av himmelferda av dei varme vatna’, etter vernehelgenen for byen og dei mange varme kjeldene i området. Han var ein utpost på Sølvvegen, og var del av kongeriket Nueva Galicia. I 1835 gjorde president Antonio López de Santa Anna Aguascalientes til hovudstad for eit nytt territorium, som blei ein ny delstat i 1857.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aguascalientes, Aguascalientes» frå , den 26. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
A Kategori:Skipingar i 1575