Anne Haavie () er kjend som komponist av melodien til Aasmund Olavsson Vinjes dikt «Blåmann (Blåmann bukken min)».

Anne Rebekka Holmsen vart fødd i Enebakk. Fødselsdagen hennar er ikkje kjend, men ho vart døypt 4. februar 1810.Akershus fylke, Enebakk, Ministerialbok nr. I 4 (1806-1814), Fødde og døypte 1810, side 22-23 Kanskje var ho fødd 4. desember 1809, slik det var opplyst ved konfirmasjonen hennar i 1824, før datoen vart retta til 4.02.1810, som var dåpsdatoen.Enebakk, Ministerialbok nr. I 6 (1815-1832), Konfirmerte 1824, side 513-514 Foreldra hennar var Petrana Kristiansdtr. og Holm Holmsen. Dei var gardbrukarar på Vik i Enebakk. Mora døydde same året som Anne vart konfirmertEnebakk, Ministerialbok nr. I 6 (1815-1832), Døde og begravede 1824, side 233-234.9 og ho flytta då til garden Børter, heimgarden til faren.

Anne flytta sidan til Hobøl, der ho trefte Ole Haavie. Dei flytta inn til Kristiania og gifta seg her 16. januar 1857. I hovudstaden arbeidde Ole som lærar. Anne Haavie var heimeverande husmor. Dei fekk ingen barn.

Melodien vart første gong trykt anonymt i Melodiar til Knutsens, Bentsens og Johnsons Børnesange i 1870 og året etter i Norske Visor aat Skulom redigert av Ingvar Bøhn. Først i 1884 vart melodien trykt med opplysning om at Fru Anne Haavie var komponisten. Det var i Folkesangboken redigert av Jacob N. Kobberstad og Ole Koppang. Etter det har namnet følgt melodien i song- og visebøker, men ingen opplysningar om Anne Haavie var kjende før Kristoffer Kruken i 2002 publiserte ein artikkel om henne i Dag og Tid.

Kjelder Kristoffer Kruken, Opphavskvinna til Blåmann, i Dag og Tid 9. november 2002, s. 16 og 17. Terje Aarset, Den nynorske songskatten, Bergen 2009, s. 14 -- 17.

Fotnotar

Denne artikkelen bygger på «Anne Haavie» frå , den 20. desember 2009.

Kategori:Folk frå Enebakk Kategori:Norske komponistar