mini|Porlock Bay frå Porlock Weir mot Hurlestone Point. Porlock Bay er ei bukt i Bristolkanalen, mellom Hurlestone Point og Porlock Weir i Somerset i England.

Langs kysten finn ein grusryggar, marskland og ein skog som er lagt under vatn. I 1052 gjekk den saksiske kongen Harald i land ved Porlock Bay frå Irland og brende byen her før han marsjerte mot London.

Mykje av kysten er verna av National Trust.

Porlock Ridge and Saltmarsh er eit 18,6 km² stort biologisk område av særleg vitskapleg interesse (SSSI), oppretta i 1990. Området er viktig på grunn av aktive geomorfologiske trekk. Her finst òg viktig marskland og planta singelryggar.

Ved Bossington ligg ei grusstrand som Hornerelva renn gjennom. I 1990-åra vart det danna marskland og lagunar i området innanfor grusryggen på grunn av stigande havnivå.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Porlock Bay» frå , den 18. desember 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Kyststi: Bossington frå National Trust

Kategori:Bukter i England Kategori:Geografi i Somerset Kategori:Site of Special Scientific Interest i England Kategori:National Trust-eigedommar