Wrexham County Borough (walisisk ) er eit hovudområde i Nordaust-Wales. Det dekker delar av det tradisjonelle grevskapet Denbighshire og nokre delar som er overført frå Flintshire: Maelor Saesneg og Marford.
Wrexham County Borough vart oppretta 1. april 1996. Det meste av området høyrte då til distriktet Wrexham Maelor, medan nokre få område vart tekne frå Glyndwr. I 2022 fekk distriktet status som city av dronninga.
Distriktet har namn etter administrasjonsbyen Wrexham. Andre busetnader er Gwersylt, Ruabon og Chirk. Det ligg to viktige mellomalderborge i Wrexham: Chirk Castle, som no er eit herskapshus, og Holt, som er i ruinar. Pontcysyllte-akvedukten som fører Llangollen-kanalen over elva Dee er ein verna bygning og ein del av verdsarva.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wrexham (grevskapsdistrikt)» frå , den 15. desember 2009.
Bakgrunnsstoff