Henning Dahl-Mikkelsen () var ein dansk teiknar og teikneserieskapar. Etter eit par år i målarlære arbeidde han i reklamebransjen og med teiknefilm, mellom anna i London.
I 1937 starta han teikneserien Ferd’nand. Signaturen hans var «Mik».
Etter andre verdskrigen drog han til USA. Han fekk ikkje jobb på Disney teiknefilmstudio, slik han hadde vona. i 1947 fekk han Ferd’nand utgjeve i USA, noko som var svært vellukka.
I tillegg til Ferd’nand laga han teikneseriane Familien Hansen, Thor og hans hammer og Lise og Lasse
Kjelder Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004
Kategori:Danske teiknarar