Piz Morteratsch er eit 3 751 meter høgt fjell i Berninafjella i Sveits. Aust for fjellet ligg Morteratschbreen og sørvest for fjellet ligg Tschiervabreen.

Fjelltoppen er ein av dei toppane i Berninafjella som er lettast å klive. Normalruta fylgjer vegen dei fire fyrstebestigarane, C. Brügger, P. Gensler og fjellførarane Karl Emmermann og Angelo Klaingutti, brukte den 11. september 1858.

Tre av fjellryggane er meir krevjande og vert nytta av skarpklatrarar: Sør-søraust-ryggen, klatra fyrste gongen i 1903 Aust-nordaust-ryggen, heile ryggen klatra fyrste gongen 10. oktober 1908 Sørvestryggen, klatra fyrste gongen i september 1868

To turisthytter ved fjellet er opne frå midt i mars til midt i oktober, men er stengde i perioden 15. mai-15. juni. Boval-hytta (2 495 m) ligg på austsida, medan Tschierva-hytta (2 573 m) ligg på sørvestsida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Morteratsch» frå , den 13. desember 2009.

Bakgrunnsstoff Piz Morteratsch på SummitPost

Morteratsch Morteratsch Morteratsch Morteratsch Kategori:Engadin