Lars Andersen Osa () var ein kunstmålar frå Ulvik i Hardanger.
Utdanning Lars Osa vart fødd i Ulvik, men flytta som femåring til grenda Osa, der faren skaffa seg småbruk. Her voks Lars Osa opp. Han hadde dugande evner til å spela hardingfele, men då han var på reis til Nordfjord som tjueåring i 1880 og møtte målarane Axel Ender og Nils Bergslien, bestemte han seg for at det var målarkunsten han ville satsa på. I 1881 fekk han måleundervisning av Bergslien i Eidfjord, og vart elev på teikneskulen i Kristiania same året. Frå 1882 til 1886 fekk han utdanning både frå Kunstakademiet i København og målarskulen til P.S. Krøyer.
Arbeid Frå 1886 budde og jobba han i Kristiania, og måla gjerne motiv av folkemusikk, men var òg inspirert av dei sosiale tendensmåleria frå 1880-talet. Etter to reiser til Paris på 1890-talet, reiste han til Valle i Setesdalen. Her trefte han henne som skulle bli kona hans, barnebokforfattaren Hermine Bernhoft. På grunn av ein strid rundt at Osa hadde fått tildelt Statens reisestipend, flytte Osa frå hovudstaden til Kristiansand, men oppheldt seg i Valle om somrane. Han måla òg mykje frå folkelivet i Setesdal, samt landskapsbilete, interiørbilete og portrett, m.a. av Ivar Aasen og Ola Mosafinn. Vidare utsmykka han kyrkjer, t.d. Haram kyrkje, Granvin kyrkje og Ulvik kyrkje. Han dreiv òg med restaureringsarbeid av fleire mellomalderkyrkjer.
I 1903 flytte Osa vidare til Valle, og i 1917 slo han seg ned på Voss. Med dette meldte han seg ut av kunstlivet i hovudstaden, og måleria hans har stort sett ikkje vorte kjøpt inn av kunstsamlingar i Oslo. Eit unntak er måleriet Tjenestepiken som Nasjonalgalleriet eig. I Bergen, Kristiansand og Haugesund derimot har bileta hans vorte kjøpt inn og sett pris på.
Den livlege sjølvbiografien hans, Med pensel og feleboge, kom ut i 1954. Ei minnestøtte over han vart avduka i 1967 i Ulvik. Lars Osa var far til felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa og journalisten Theodor Bernhoft Osa.
Eit utval måleri Ola Mosafinn, 1887, Ungdomshallen, Voss Den vordende spillemann, (1887?) Faderen, 1889 Tjenestepiken, 1889, Nasjonalgalleriet Ivar Aasen, 1895, Bergen offentlige bibliotek Barnebegravelse i Valle, 1895 Et menneske, ca. 1898 Et bryllup i Setesdal, ca. 1903 Oppbyggelse i Valle, 1904 Ein trøyt spelemann, 1912 Barnedåp i Valle, 1916 Nils Lavik, 1951, Stortinget, Oslo
Kjelder Utdjupande artikkel om Osa på snl.no, skriven av Gunnar Danbolt Store Norske Leksikon om Osa.
Kategori:Folk frå Ulvik Kategori:Norske målarar Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker