Kaare Bratung () http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2377314http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=37169&urnread_imagesize=full&show=88#toppen var ein norsk teiknar og teikneserieskapar. Han lærte seg teikning og måling på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Før han tok til som teikneserieskapar arbeidde han som reklameteiknar og teiknar for vekeblad.
Under andre verdskrigen vart Bratung arbeidslaus. Han sette då i gang med å lage teikneseriar av J. F. Cooper sine indianarforteljingar Hjortefot, Stifinnar og Den siste mohikanar. Desse fekk han gjeve ut i 1942 og 1946.
Dei best kjende teikneseriane Brantung skapte er Baldrian, Dagros og Professoren. Desse finn ein enno i norske aviser.
Kaare Bratung fekk Kultur- og kirkedepartementets sin teikneseriepris i 1977 for teiknearbeidet sitt.
Kjelder Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004
Fotnotar
Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Folk frå Bodø