Abigail Adams () var den andre fyrstedama i USA, og blir rekna for å vere blant dei første feministane i moderne politisk historie. Ho var gift med president John Adams, den andre presidenten i USA, og mor til president John Quincy Adams.
Adams blir hugsa for breva ho skreiv ektemannen medan han deltok på den kontinentale kongressen i Philadelphia. John Adams søkte råd hos kona i mange saker, og brevvekslinga deira inneheld intellektuelle diskusjonar om både forvalting og politikk. Breva er også sterke augevitneskildringar frå Den amerikanske sjølvstendekrigen.
Abigail Adams døydde av tyfus i 1818.
I TV-serien John Adams frå 2008 er ho tolka av Laura Linney.
Adams, Abigail Adams Abigail