Erling Moen () var ein norsk lærar, offiser og forfattar av teikneseriar, barnebøker og folkekomediar for amatørteater.

Moen var frå Måndalen i Rauma kommune i Romsdal. Han tok utdanning på folkehøgskule, befalsskule og lærarskule. Frå 1916 var han lærar ymse stader. Perioden 1926-51 var han lærar i Holt i Aust-Agder.

Forfattaren Moen debuterte i 1915 med Hermenn : skodespel i fire akter. Seinare skreiv han i alt 11 skodespel, med titlar som Heimebrenning, morospel i ei akt (1921/1923), oppfølgjaren Tømmermenn (1927), Nordigards-kår (1931) og Mikkel rev : Nordigards-komedie i 3 akter (1932). Karakteren Ola Nordigard som han utvikla gjennom desse komediane var frå 1941 til 1944 teikneserie i Nynorsk vekeblad med teikningar av Arne Wold. Serien gjekk seinare i bladet Bygdeungdommen. Fonna Forlag gav ut tre teikneseriealbum: Ola Nordigard og jomfru Bertine (1943), Ola Nordigard og Jomfru Bertine Nr. 2 (1945) og Quo vadis Ola Nordigard? (1946).

Moen skreiv også Kjell og andre ungar (1950) som han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementets premiering for. Boka er illustrert av Borghild Rud.

Han gav elles ut reknebøker for folkeskulen.

Kjelder Moen, Eirik. «Erling Moen : forfattar, kritikar, lærar : han sette farge på kvardagen», artikkel i Romsdal sogelags Årsskrift, 1998 Sørås, Odd. «Ola Nordigard, ein teikneseriefigur med romsdalsrøter», artikkel i Romsdal sogelags Årsskrift, 1999 Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Folk frå Rauma