Stor-Manchester (engelsk Greater Manchester) er eit metropolitansk grevskap i Nordvest-England med kring 2,5 millionar innbyggjarar. Det omfattar eit av dei største storbyområda i Storbritannia og består av bykommunane Bolton, Bury, Oldham, Rochdale, Stockport, Tameside, Trafford, Wigan og byane Manchester og Salford. Stor-Manchester vart oppretta 1. april 1974.
Stor-Manchester grensar til Cheshire i sørvest og sør, Derbyshire i søraust, West Yorkshire i nordaust, Lancashire i nord og Merseyside i vest. Stor-Manchester byområde er det tredje mest folkerike i Storbritannia og dekkjer det meste av grevskapet.
Stor-Manchester grevskapsråd vart nedlagd i 1986 og sidan den gong har bykommunane i røynda vore sameinte styresmakter. Fleire tenester vert samordna i grevskapet gjennom Association of Greater Manchester Authorities.
Før grevskapet vart skipa vart namnet SELNEC nytta om dette området. Det stod for «South East Lancashire North East Cheshire». Stor-Manchester er sett saman av 70 tidlegare lokale distrikt frå dei tidlagere administrative grevskapa Lancashire, Cheshire og West Riding of Yorkshire og åtte sjølvstendige bykommunar..
Bakgrunnsstoff Association of Greater Manchester Authorities Offisiell turistside
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Greater Manchester» frå , den 29. november 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Skipingar i 1974