Northamptonshire (tidlegare County of Northampton, forkorta Northants. eller N/hants) er eit grevskap i engelske Aust-Midlands med kring 685 000 innbyggjarar. Det grensar til Warwickshire i vest, Leicestershire i nord, Rutland i nord, Cambridgeshire (inkludert byen Peterborough) i aust, Bedfordshire i søraust, Buckinghamshire (inkludert Milton Keynes) i sør, Oxfordshire i sørvest og Lincolnshire (den kortaste grevskapsgrensa i England på 19 m) i nrodaust. Administrasjonsbyen er Northampton.

Peterborough høyrte historisk sett til Northamptonshire, men vart i 1888 eit eige grevskap, og så i 1974 ei sameint styresmakt i Cambridgeshire.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Northamptonshire» frå , den 28. november 2009.

Bakgrunnsstoff Bilete og informasjon frå Northamptonshire Historie i Northamptonshire Turisme i Northamptonshire

Kategori:Northamptonshire