Vasa (finsk Vaasa) er ein bykommune i Finland, og administrasjonssenteret i Västra Finlands län. Vasa kommune grensar til kommunane Korsholm og Malax. Vasa er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetsspråk (69,8 %) og svensk som minoritetsspråk (24,8 %). I omlanda til Vasa er det svensk som er majoritetsspråk.
Historie
Vasa vart grunnlagd i år 1606 av kong Karl IX av Sverige, og fekk namn etter den svenske kongeætta. Vasa vart ein viktig handels- og sjøfartsby på 1800-talet. Den gamle byen Vasa låg opphavleg ved kysten (i noverande Mustasaari kommune) men landhevinga har gjort at denne delen av byen ikkje er tilgjengeleg frå sjøen lenger.
I 1852 vart byen herja av ein stor bybrann. Etter dette vart han flytt 7 km lenger vest, attmed den nye strandlina, og skifte namn til Nikolaistad (finsk Nikolainkaupunki). Dette namnet hadde byen fram til 1917, sjølv om folk lokalt brukte namnet Vasa i denne tida. Under den finske borgarkrigen i 1918 var Vasa sete for senatet, sentrum for dei "kvite", og dimed hovudstaden i Finland. Etter dette fekk Vasa rett til å føre fridomskrossen åt Finland i byvåpenet.
Næringsliv og samferdsel
Dei fleste arbeidsplassane er innanfor tenesteytande næringar, men det finst òg ein del industri, m.a. motor-, tekstil-, plast- og næringsmiddelindustri attåt produksjon av elektrisk og elektronisk utstyr. Wärtsiläkoncernen har ein mekanisk verkstad i Vasa.
Vasa er eit viktig knutepunkt for samferdsle i den vestlege delen av Finland. Byen har jarnbanestasjon, og lufthamna ligg 9 km sør for sentrum. Vasa har ferjesamband med Sundsvall og Umeå i Sverige.
Kultur
Vasa har eige universitet, Vasa universitet, og fleire høgskular. Mellom anna har Åbo Akademi og Svenska handelshögskolan i Helsingfors kvar si underavdeling i Vasa.
Muséet Söderfjärdens Meteoria inneheld ei utstilling som viser meteorittnedslaget i området for 520 millionar år sidan. Kvarkens natursenter Terranova er eit informasjonssenter den fyrste og einaste staden i Finland som har kome på verdsarvlista til UNESCO: Kvarkens skärgård. Elles har Vasa eit historisk museum, kunstsamlinga Österbottens museum, opera, finsk- og svenskspråkleg teater, og moroparken Wasalandia.
Venskapsbyar
Pärnu, Estland sidan 1956 Malmö, Sverige sidan 1940 Umeå, Sverige sidan 1949 Harstad, Noreg sidan 1949 Helsingør, Danmark sidan 1949 Schwerin, Tyskland sidan 1965 Kiel, Tyskland sidan 1967 Šumperk, Tsjekkia sidan 1984 Morogoro, Tanzania sidan 1988
Kjelder
Artikkelen er basert på artikkelen om Vasa frå Wikipedia på bokmål, 26. november 2009. Artikkelen er òg delvis basert på Store Norske Leksikon om Vaasa. Artikkel om Vasa frå Wikipedia på engelsk, 26. november 2009. Uppslagsverket Finland om Vasa Nettsidene til Vasa - på svensk.
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Vasa
Kategori:Byar i Finland Kategori:Kommunar i Finland