Berekvam stasjon ligg på Berekvam i Flåmsdalen i Aurland kommune, og er ein stasjon på Flåmsbana. Stasjonen vart opna 1. august 1940 då det vart starta opp med mellombels godstrafikk på bana. Bana har to spor ved Berekvam og det er her toga kryssar kvarandre på sommaren når det er tog i begge retningar på bana samstundes. Stasjonen er manna av Jernbaneverket i sommarsesongen for togkryssing. Sjølv om det er to spor er det berre plattform ved det eine, og om sommaren er det difor berre råd å gå av og på toget ved Berekvam for tog i spor 1, det vil seie alle toga mot Flåm, og det fyrste og det siste toget mot Myrdal.

Berekvam stasjon ligg på 343 moh, 10,51 kilometer frå Myrdal stasjon og 9,69 kilometer frå Flåm stasjon. For reisande frå Myrdal er Blomheller førre haldeplass og Dalsbotn neste.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Svein Sæbø si nettside om Berekvam stasjon Om Berekvam stasjon på nettstaden til Jernbaneverket Om Berekvam stasjon i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb

Kategori:Stasjonar på Flåmsbana Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1940 Kategori:1940 i Noreg