Den nordisk-katolske kyrkja er eit lite, høgkyrkjeleg orientert konservativt kyrkjesamfunn oppretta i 1999. Det vart mellom anna danna av tidlegare lutheranarar, mellom anna frå statskyrkjene i dei nordiske landa. Dei var mange imot den politisk styrte utviklinga i desse kyrkjene dei siste åra, og søkte mot katolisismen, men utan heilt å «gløyme» den lutherske arven: «Selv om man altså stiller seg avvisende til Den norske kirkes utvikling, er man seg samtidig bevisst at det gis en åndelig arv som man gjør rett i å ta vare på»http://www.nordiskkatolsk.no/artikler/presentasjon_av_den_nordisk_kato.htm Trussamfunnet kan difor seiast å vere ei gamal-katolsk kyrkje. Dei står i kommunion med The Polish National Catholic Church, PNCC.http://dnkk.no/artikler/bakgrunn.htmhttp://dnkk.no/artikler/presentasjon_av_den_nordisk_kato.htmhttp://www.pncc.org/ Blant prestane i DNKK er Asle Dingstad, tidlegare prost i Den norske kyrkja og forlagssjef for Luther Forlag.

Kyrkja sin fyrste biskop, Roald Nicolai Flemestad, vart vigsla i 2011. I 2021 tok Ottar Mikael Myrseth over som biskop for stiftet Skandinavia.

Referansar

Bakgrunnsstoff http://www.nordiskkatolsk.no

Kategori:Kristendom i Noreg Kategori:Skipingar i 1999