Olav Gjærevoll (), fødd i Tynset, død i Trondheim, var ein norsk botanikar og politikar for Arbeidarpartiet.
Han var utdanna cand.real frå Universitetet i Oslo i 1947. Ved Uppsala universitet tok han graden fil.lic i 1955, og doktorgrad i 1956. Han var tilsett som konservator ved Vitskapsmuseet i Trondheim frå 1947 til 1979. I tillegg hadde han ei professorstilling ved Noregs lærarhøgskole frå 1958 til 1986. Som botanikar arbeidde han mest med planter til fjells, og i arktiske strok. Utanom dei meir faglege publikasjonane, skreiv han også populærvitskaplege bøker, og dreiv opplysingsarbeid om botanikk. Hans Fjellflora (skrive saman med Reidar Jørgensen, illustrert av Dagny Tande Lid) har fast plass i lomma hos mange fjellvandrarar.
Gjærevoll var ordførar i Trondheim frå 1958 til 1963, og frå 1979 til 1981. Han var sosialminister frå 1963 til 1965, med kort avbrot av John Lyng si regjering. Frå 1965 til 1969 møtte Gjærevoll på Stortinget som fast representant for Sør-Trøndelag. I Trygve Bratteli si første regjering var han statsråd i Løns- og prisdepartementet frå 1971 til 1972, til han 8. mai 1972 blei utnemnd til den første miljøvernministeren i Noreg og i verda. Han hadde denne posten i fem månader, til regjeringa Bratteli gjekk av i oktober 1972 etter Folkeavstemminga i 1972 om Noreg sitt medlemskap i EF.
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Olav Gjærevoll sitt private arkiv finst ved Universitetsbiblioteket i Trondheim
Kategori:Norske løns- og prisministrar Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen IV Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratteli I Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Ap-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske botanikkprofessorar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Folk frå Tynset Kategori:Folk frå Trondheim