Aranjuez er ein by sør i Regionen Madrid i Spania. Han ligg der elvane Tajo og Jarama renn saman, og har kring 65 000 innbyggjarar. Byen ligg 48,8 km sør for alle spanske vegars nullpunkt, Puerta del Sol i Madrid, og 45 km frå sentrum av Toledo.
Aranjuez er kjend for Palacio Real de Aranjuez, eit av dei gamle kongepalassa med store hagar. Tajodalen har hatt omfattande jordbruk sidan mellomalderen og jordbæra frå Aranjuez er kjende gjennom heile Spania.
Den spanske komponisten Joaquín Rodrigos (1901–1999) mest kjende verk, Concierto de Aranjuez, vart skrive dels i inspirasjon over hagen til det kongelege palasset i Aranjuez.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aranjuez» frå , den 15. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Regionen Madrid