Odd Højdahl () var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Arbeidarpartiet. Han var nestformann i LO i perioden 1969-1977, og statsråd og sjef for sosialdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering i perioden frå 17. mars 1971 til 18. oktober 1972.

Odd Højdahl var fødd i Oslo. Han studerte jus frå 1941 til 1943. Etter den andre verdskrigen arbeidde han som politimann eit år, før han tok arbeid innanfor offentleg administrasjon.

Han vart heiltids tillitsvald allereie i 1951, og steig deretter i gradene innan LO. Han var sekretær og leiar i Norsk Tenestemannslag, og var leiar for Statstenestemannskartellet frå 1964 til 1969. I 1969 vart han på LO-kongressen vald til nestformann i LO, eit verv han hadde fram til 1977.

Han blei i 1977 tilsett som direktør i Statens arbeidstilsyn, ei stilling han hadde fram til 1988.

Odd Højdahl var medlem av bystyret i Oslo i perioden 1953-1957. Han var varamann til Stortinget for Oslo i perioden 1961–1965.

Højdahl var styremedlem i Tiden Norsk Forlag, Arbeiderbladet og Den norske Creditbank.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Odd Højdahl» frå , den 13. november 2009.

Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratteli I Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Politikarar frå Oslo