Ernst Friedrich Ferdinand Zermelo () var ein tysk matematikar. Arbeidet hans har hatt store konsekvensar for den grunnleggande matematikken og dermed innan filosofi.

Ernst Zermelo var fødd i Berlin i Det tyske keisardømet. Han studerte ved universiteta i Berlin, Halle og Freiburg og tok doktorgraden ved universitetet i Berlin i 1894 innan variasjonsrekning. Han vart verande på universitetet i Berlin som assistenten til Planck, og starta gjennom han å studere hydrodynamikk. I 1897 reiste han til Göttingen, som på denne tida var eit leiande matematisk senter i verda der han gjorde ferdig habilitetestesen sin i 1899.

I 1910 vart Zermelo leiaren for det matematiske instituttet på Universitetet i Zürich, men trekte seg frå her i 1916.

I 1900 på den internasjonale matematikkongressen i Paris gav David Hilbert det matematiske samfunnet ei utfordring då han la fram dei kjende Hilbert-problema, ei liste på 23 uløyste grunnleggjande spørsmål som matematikarane burde løyse det komande hundreåret. Dei første av desse var eit problem innan mengdelære, kontinuumhypotesen som vart introdusert av Cantor i 1878.

Zermelo byrja å arbeide med mengdelære og i 1902 gav han ut den første artikkelen sin som omhandla grunntal. I 1904 tok han eit steg vidare innan kontinuumhypotesen då han beviste velordningsteoremet. Dette resultatet gjorde Zermelo kjend, og han vart professor i Göttingen i 1905. Ikkje alle matematikarar godkjende beviset hans, mellom anna fordi han hadde nytta utvalsaksiomet, som ikkje på denne tida var eit godteke aksiom. I 1908 klarte han derimot å lage eit nytt bevis som vart akseptert i breiare kretsar.

I 1922 utbetra både Adolf Fraenkel og Thoralf Skolem kvar for seg aksiomsystemet til Zermelo. Dette førte til ti aksiom, i dag kalla Zermelo–Fraenkel aksioma (ZF), og er i dag det mest nytta systemet innan aksiomatisk mengdelære.

Ernst Zermelo døydde i 1953 i Freiburg im Breisgau i Vest-Tyskland.

Bibliografi Jean van Heijenoort, 1967. From Frege to Godel: A Source Book in Mathematical Logic, 1879-1931. Harvard Univ. Press. 1904. "Proof that every set can be well-ordered," 139-41. 1908. "A new proof of the possibility of well-ordering," 183-98. 1908. "Investigations in the foundations of set theory I," 199-215. 1913. "On an Application of Set Theory to the Theory of the Game of Chess" in Rasmusen E., ed., 2001. Readings in Games and Information, Wiley-Blackwell: 79-82. 1930. "On boundary numbers and domains of sets: new investigations in the foundations of set theory" in Ewald, William B., ed., 1996. From Kant to Hilbert: A Source Book in the Foundations of Mathematics, 2 vols. Oxford Uni. Press: 1219-33.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ernst Zermelo» frå , den 7. november 2009.

Kategori:Filosofar på 1900-talet Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Tyske filosofar Kategori:Matematiske logikarar Kategori:Folk frå Berlin Kategori:Matematikarar på 1900-talet