Mérida er hovudstaden i den autonome regionen Extremadura i Spania. Han har kring 60 000 innbyggjarar.

Historie Byen vart grunnlagd i år 25 fvt. som Emerita Augusta, etter soldatane til keisar Augustus som grunnla byen. Namnet Mérida kjem av dette namnet. Byen vart grunnlagd for å verne ein fjellovergang og ei bru over elva Guadiana. Byen vart hovudstad i den romerske provinsen Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket. Mérida har bevart fleire viktige romerske monument enn nokon annan by i Spania (mellom anna ein triumfboge frå tida under Trajan). På grunn av dette er den arkeologiske samlinga i Mérida innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Under vestgotarane var han framleis ein praktfull by, særleg under biskopane som styrte her på 500-talet, då han var hovudstad i Hispania. Biskop Paulus førte bispedømet til stor rikdom og det vart det rikaste i heile Spania. Biskop Fidelis gjenoppbygde domkyrkja og under biskop Masona vart han den første byen i Spania ein veit om med sjukehus.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mérida, Spain» frå , den 4. november 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Arkeologiske funn i Spania Kategori:Byar i Extremadura Kategori:Romerske stader i Spania Kategori:Verdsarv i Spania Kategori:Busetnader grunnlagde i første hundreåret fvt. Kategori:Turisme i Spania