mini|Mellomalderskildring av korleis ein fann den falne Raymond av Poitiers.

Raymond er eit engelsk mannsnamn og slektsnamn av germansk opphav. Det har norsk namnedag den 3. november.

Raymond er avleidd av gammalfransk Raimund, som igjen kjem frå gammalhøgtysk Raginmund. Namnet er sett saman av Regin (norr. rǫgn, 'gudar, høgare makter'), og -mund, 'vern, vernar'. Andre former av namnet er Reimund, Raymundo og Ramón. Ray er ei kortform.

Bruk Namnet var brukt av normannarar som innførte det til Storbritannia. Det gjekk ut av brukt, men blei teke opp att på 1800-talet.

Raymond har vore brukt i Noreg sidan 1890-åra.

Namneberarar Raymond av Poitiers (ca. 1115–1149), prins av fyrstedømet Antiokia Raymond Chandler (1888–1959), amerikansk krimforfattar Raymond Aron (1905-1983), fransk sosiolog og filosof Raymond Harold Sawkins (1923-2006), var fødenamnet til den engelske forfattaren kjend som Colin Forbes Raymond Hains (f. 1926), fransk kunstnar Raymond Daniel Manzarek, Jr. (f. 1939), amerikansk musikar Raymond Douglas Davies (f. 1944), engelsk rockemusikar Raymond E. Feist (f. 1945), amerikansk fantasyforfattar Raymond Johansen (f. 1961), norsk politikar Raymond Kvisvik (f. 1974), norsk fotballspelar

Kjelder

Kategori:Mannsnamn Kategori:Slektsnamn Kategori:Normanniske førenamn Kategori:Engelske førenamn Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav Kategori:Namn knytte til vern