Sustenhorn er eit 3 503 m høgt fjell i Uri-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Uri, sør for Sustenpasset.

7. august 1841 var Gottlieb Studer og nokre fjellførarar dei fyrste på toppen.

Ruter Saman med grannefjellet i vest, Gwächtenhorn, dannar Sustenhorn søraustsida i ei gryte der Steingletscher ligg. Over denne breen går normalruta frå Tierberglihütte til fjelltoppen.

Ei mindre brukt rute til Sustenhorn går langs austryggen. Turen, som startar frå Voralphütte på kring 1 900 moh, tek seks-sju timar. Klatringa er til dels krevjande, men fjellet består for det meste av fast gneis.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sustenhorn» frå , den 23. oktober 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Uri