thumb|Ungdomshuset på Nese, bygt 1921. Nese er ei bygd på vestsida av Arnafjorden i Vik kommune i Vestland. Staden ligg 25 kilometers køyring frå kommunesenteret Vik, og har vegsamband dit via Fv92.
Nese er ei jordbruksbygd og var tidlegare eit sentrum i Arnafjorden, med butikk, dampskipskai og post. Desse tenestene er no nedlagde eller flytte. Postkontoret hadde hadde postnummer og -namn 5912 ARNAFJORD, og vart nedlagt i 1978.Nettstaden til Postmuseet på Maihaugen Soknekyrkja i Arnafjord sokn, Arnafjord kyrkje, står på Nese og staden har vore kyrkjestad sidan 1600-talet. Den noverande kyrkja er den andre på staden og vart innvigd i 1880. Bygda har også ungdomsshus.
Ungane i området går på Valsvik skule i bygda Framfjorden. I Framfjorden er det også barnehage og den næraste daglegvarebutikken.
Historie Rasulukka i 1811 På natta 2. desember i 1811 gjekk det ei steinskrede som knuste og drog med seg klyngjetunet på Nese på fjorden. 45 av dei kring 60 som budde i tunet omkom. I 2008 vart det innvigd eit minnesmerke på Nese over dei som omkom i skreda «Storskreda på Nese - og andre ras» på nettstaden til Vik kommune
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Arnafjorden på nettstaden til Arnafjord bygdeutval
Kategori:Bygder i Vestland Kategori:Geografi i Vik