Sørkappøya er ei 7 km lang øy ved det sørlegaste punktet på Svalbard. Ho er skild frå Spitsbergen av eit 7 km breitt sund,Sommerfeldtbukta. Det sørlegaste punktet på øya og Svalbard er Sørkapp. Det er fleire innsjøar og laguner på øya, den største er Sørkapplaguna i nord. Spissen av øya mot sør utgjer sjølve Sørkapp, men små holmar rundt øya ligg endå lengre sør.
Det er ei fyrlykt på vestsida av øya.
Sørkappøya og dei andre øyane, holmane og skjera sørvest for Øyrlandet på Sørkapp Land er verna som fuglefredingsområde under Sørkapp fuglereservat. Reservatet blei oppretta ved kongeleg resolusjon 1. juni 1973, og omfattar eit areal på 35 986 dekar. Området er eit viktig hekkeområde for kvitkinngås og ærfugl. Området er del av Sør-Spitsbergen nasjonalpark.
Historie Kvalfangsten på 1600- og 1700-talet etablerte seg ikkje så langt sør som Sørkapp Land, Hornsund var den sørlegaste kvalfangststasjonen. Russiske pomorar dreiv fangst ved Sørkapp, og seinast i 1818 overvintra truleg to fangstmenn og fanget 1 200 hvalross og 1 200 kvitkvalar.Gustav Rossnes, Norsk overvintringsfangst på Svalbard 1895-1940, Norsk polarinstitutt Meddelelser nr 127 1993, side 32. Det er funne russiske hustufter og graver frå 1700-talet heilt sør på øya, ved Sørkappvatnet.
I den norske fangstperioden på 1900-talet var området en del av Fangstfelt nummer 1 (Sørkapp). I 1908 oppretta Petter Trondsen sin ekspedisjon ein hovudstasjon («Hagerups Hus») langt nordaust på Sørkappøya ved det som seinare blei kalla Trondsenneset, som blei til ein bistasjon då det blei bygd ny hovudstasjon («Trondsenhuset») ved Kistefjellet ved innløpet til Sommerfeldtbukta. Hytta på Sørkappøya var forfallen allereie på 1930-talet, og var då brukt av Johan Hagerup.Gustav Rossnes, Norsk overvintringsfangst på Svalbard 1895-1940, Norsk polarinstitutt Meddelelser nr 127 1993, side 32-33. Det er også funne ei rekkje fangstinnretningar over delar av øya.
Kjelder
The Place Names of Svalbard, Norsk polarinstitutt rapport 122 (2003) ISBN 82-7666-194-7
Denne artikkelen bygger på «Sørkappøya» frå , den 19. oktober 2025.
Kategori:Øyar på Svalbard